– I samband med Norsk Reservist Forbund (NROF) sin minneseremoni ved Stord kyrkje på Frigjeringsdagen, i dag 8. mai, har Leirvik Mannskor teke initiativ til ein minikonsert, fortel leiar i koret Johannes Jacobsen til stordront.no. – NROF-seremonien startar klokka 1700 og konserten vert halden i kyrkja straks denne er over, rundt kl 17:30.
– Arne Torget er henta inn som konferansier og diktlesar, ein av årets stipendiatar frå R. Agdesteins minnefond vil delta og ei songgruppe frå Ukraina syng mellom anna sin eigen nasjonalsong, fortel Jacobsen.