Gjekk fint i overgangsfeltet

Gjer som piggsvinet – bruk overgangsfelt ved gatekryssing. (Foto: Steinar Hystad)

Ser ein piggsving  i vegbanen, er dei gjerne i ein tilstand som ikkje er kjekk å nemna. Ikkje slik med dette eksemplaret av arten, som kom seg trygt over Skrivarvegen seint søndag kveld. 

Piggsvinet var lurt nok til å kryssa den sterkt trafikkerte vegen i det kvitstripa overgangfeltet. Altså heilt «etter boka», noko stordnytt.no sin rundtomkringkøyrande tykte var så storarta at det burde markerast med bilete i nettavisa. Så veldig interesserte i å stå modell var ikkje piggsvinget, men pigg nok til å stoppa på eit bel før det tusla til kvelds i næraste hage.

PS.: Det var fleire vitne til hendinga.