Kva skjer med fontenen?

Steinane i fontene er teke ut i samband med reingjering. (Foto: Steinar Hystad)

Den som har rusla forbi «rondingen», midt på Vikjo, i løpet av måndag føremiddag har kanskje bite seg merke i at alle steinane som har lege i botnen av fontenen er løfta utor og lagt i ei røys i området rundt. Den har kanskje òg, som stordront.no sin omruslande, undrast på kvifor?

Nettavisa rettar dette spørsmålet til driftsleiar veg og grønt i Stord kommune, Anne Randi Naurstad.

– Steinane er fjerna i samband med reingjering og vedlikehald av fontena. Den skal høgtrykkspylast og behandlast slik at den ikkje lek. Steinane skal oppatt i når dette arbeidet er gjennomført, truleg innan helga, er svaret frå Naurstad..

Så då veit me – og de – dét.