Valstyret i Stord skal på møtet neste veke har gjennomgang og gje endeleg godkjenning av listene til kommunestyrevalet 11. september. 12 lister var innleverte ved fristen,namna på desse er blitt grundig sjekka i høve til lovverket og det er gjort tre endringar undervegs. Ein person som ikkje har adresse Stord, og to som har levert grunngjevne søknader om å bli trekt frå listene.
Det ligg til møtet føre innstilling om at erklæringar og fritakssøknadar motteke etter fristen ikkje vert vurdert etter vallova §3-4 (2).
Såleis ligg det ann til at stordabuen får kommunestyrekandidatar frå desse partilistene å velja mellom:
– Arbeidarpartiet
– Framstegspartiet
– Høgre
– Industri- og næringspartiet
– Kristeleg folkeparti
– Miljøpartiet dei grøne
– Norgesdemokratene
– Konservativt
– Raudt
– Senterpartiet
– Sosialistisk venstreparti
– Venstre