Finaste rundkøyringa!

Fint planta i rundkøyringa i Dybvik. (Foto: Steinar Hystad)

Midt inne i  rundkøyringa i Dybvik, der trafikken blir losa frå  Fv 545 mot Stokken og flyplassen, helsar eit heilt bedd med strålande liljer oss vegfarande.Eit så gildt syn at det får stordront.no til å kåra anlegget til finaste rundkøyringa på øya.  Om det er private som har planta liljene (påske eller pinse ?), eller  om rosen skal gå til fylkeskommunen som vegeigar, er me usikre på.  Sikkert er det at me gleder oss over det fargerike synet.