I ein artikkel på Stordnytt.no 11. april blei det vist til fem «løkar» rundt i kommunen, med illustrert utgangspunkt i Byrkjelandsløkjen Vassmålestasjon ved vegen mot Skjersholmane. Forklaring på namnet løk i denne samanhengen henta nettavisa frå boka «Namnevandring i Stord og Fitjar» – av Kari Lønning Aarø og Jan Robben, som skriv: «Vegen mot ferjekaien har delt Byrkjeland i to, og heile løkjen ligg no på nedsida av denne. Ein løk er eit våtlendt stykkje, som er blitt oppdemt».
I slutten av oktober 1980, fekk folk på Valvatne og brukarar av Sagvågsvegen oppleva kva som kan skje med ein veg lagt over ein løk, denne gongen Kroktjødneløkjen. I arbeidet med å flytta fylkesvegen inn mot tryggare underlag, vart vegen bygt høgare med steinfylling – og brått sokk vegen i løkjen. Presset vart for stort. Ikkje heilt uventa, var det ein del som meinte.
«Gamlevegen» vart sidan stabilisert og gjort om til sykkel og gangveg mellom Justagjerdet og krysset mot Sætrevik/Tjødnalio skule.