Redningsselskapet har flytta basen frå Eldøyane til Thiisafabrikken sentralt i Leirvik hamn. I førstehøda, om lag i flomålet, er det nyinnreidde lokale, og her er det at selskapet vil utvida verksemda si og opprettar Sjøsikkerhetssenter. Det skal satsast ekstra på haldningsskapande framferd på sjøen. Målet er at ingen skal drukna.
Stord kommune er mellom instansar og firma som har motteke brev frå det lokale sjøredningskorpset, med spørsmål om å sponsa det nye tiltaket. Det sa formannskapet ja til på møtet sist veke, og gjekk inn for å støtta sjøsikkerhetssenteret med 25.000 kroner – finansiert via formennene sin løyvingskonto.