Slik blir nye vidaregåande fullt utbygt

Førte byggjsteg  for yrkesfag kjem til venstre – når Stord VG blir samla ein gong – skjer det med påbygg mot høgre   (Teikning: Link Arkitektur) (Teikning: Link Arkitektur)

Rivearbeidet av  «gamleskulen» på Vabakkjen  er i fullgang  og det kan vera greitt å minna om kva bygg som kjem i staden.

Skissene er klare, og imponerande, for det som kan bli ein  samla versjon av ny Stord vidaregåande skule på Vabakkjen.   Enno ei tid må det skrivast «kan bli», fordi  det fylkeskommunale vedtaket som gjeld går på riving av  noverande og bygging av ny «yrkesskule». Ny superskule med  uteareal og  atrium  skal vera klar til bruk hausten 2025.  Det skal investerast  rundt 500 millionar kroner  i første byggesteg,  som skal gje ein ny skulekvardag for 475 elevar og 100 tilsette. I byggeperioden held elevane til  i  AMO-bygget på Heiane og ein  brakkeavdeling på Vikahaugane.

Nyeskulen blir eit luftig  bygg i tre og mykje glas  med  vekt på  universell utforming ute som inne.   Link arkitektur har teikna,  og  Conso  AS  som har totalentreprisen  gjer rekning med å bruka  lokale  underleverandørar etterkvar som arbeidet skrid på fram.  Gjenbruk står sentralt i riveprosessen.