– Ein alle tiders «basill» å bli biten av, meiner karane som brukar onsdagskveldane i den lyse årstid til sikre kast av 680 grams tunge hestesko mot «stikka» 10 meter framme.
I 30 år har det vore faste øvingar, og ei rekkje helgetvelingar, i den edle kastesporten i regi av Stord Hesteskoklubb. Banar har det vore fleire av, men dei siste åra og i inneverande sesong er det arenaen på Vaskeriplanet på Litlabø som gjeld.
– Me har alltid plass til fleire og dei som vil prøva seg er velkomne til trening med tips og informasjon om gode teknikkar. Det er berre å møta på banen onsdagar kl. 17.30 og setja av eit par timar, tipsar klubbleiar Dag Otto Koppang.