– Eg må igjen frå skryta over dugnadsviljen til å gjera det endå finare i og kring gapahuken vår. No er det nytt golv som står for tur, seier Kjell Westerheim i turlaget til stordront.no. Gapahuken og samlingsplassen ved Hustrudalsvatnet er «hjartebarnet» til dei 30 som har skrive seg på dugnadslista.
Nettavisa får opplyst dette når me spør kva som skal skje med lasset fin murstein som er lagra bak gapahuken.
– Ikkje eitt lass, korrigerere Westerhem.
– Her snakkar me om tre traktorlass med dei flottaste beleggsteinar, fått i gåve frå ein hageeigar i Døsoområdet. Steinane skal no leggjast i fin sand og bli til golv inne i «huken». Det vil bli lettare å halda reint enn dagens grusteppe. Me gleder oss.