Våren er her og det betyr fleire fridagar, og fleire fridagar betyr og at fleire folk samlast ute til fest og moro! Me veit og at når fleire samlast til fest og moro, er det trong for fleire frivillige som kan gå Natteramn, skriv Stord kommune på sine heimesider.
Det er Frivilligsentralen i tett samarbeid med frivillige, politiet, utekontakt, SLT og ambulanse som organiserer Natteramn-ordninga, og no er dei på jakt etter nye frivillige som kan hjelpa til.
Å gå Natteramn handlar om å vera til stades for barn og unge når dei ferdes ute på kveld- og nattetid, ta ansvar og visa omsorg når dei unge treng det. Det handlar også om at me i fellesskap kan vera med på å skapa tryggheit, trivnad og tilhøyrsle i lokalsamfunnet vårt, slik at barn og unge får ein tryggare oppvekst.
Me håpar at du som les dette kan vurdera å ta ei vakt eller to som Natteramn! Du kan lesa meir om ordninga her: https://stord.frivilligsentral.no/aktivitet?natteramn&Id=4402
Ynskjer du å bli natteramn? Søk opp Stord Natteravn, lukka Facebookgruppe, og registrer/meld deg inn i der.
Frivilligsentralen arbeider og med å etablera «Kveldsramn» som er tenkt som ei natteramnsordning fredagskveldar om lag kl. 19.00 – 22.00. Me ser at det i dette tidsrommet samlast mange unge i Leirvik sentrum og at å få til ei kveldsramn-ordning hadde vore eit flott tiltak.
Mrk: Saka er i si heilskap henta frå Stord kommune sine heimesider – etter avtale.