Går du 30 kilometer på fire og ein halv time, i uniform og med 11 kilos sekk på ryggen – då har du klart kravet til det militære marsjmerket.
11 friskusar, mange av dei medlemer i HV Ungdommen, tok utfordringar på skogsvegar i Landåsen-Valvatna–Skjephaugen søndag . For å nå opp i dei tre mila, gjekk dei først tur retur Vabakkjen-Lønningsdalen, og deretter dei 12 kilometrane i «Stordløpet» to gonger. Imponerande.
Prøven vart organisert av NROF avd. Sunnhordland.