Endre til Fest i Vest

Endre Olsen var med i The Voice-sedninga no fredag kveld (Foto: Skjermdump frå TV2)

Endre Olsen kjem til Fest i Vest 2023. Han står på scena i Sagvåg fredag 23.juni, melder ein nøgd festivalsjef Anders Fosse i e-post til stordront.no. 

Stordsongaren har vore landsaktuell i programmet The Voice på Tv2 denne våren, der han har hausta  lovord i høgste klasse for si fantastisk gode røyst og gitarspel. Endre Olsen har tidligare stått på scenen vår, og me fekk mykje gode tilbakemeldingar. Me gleder oss til han kjem på scena, skriv Fosse.! 

Fest i Vest blir arrangert 23-24 juni 2023. Artistslepp kjem fortløpande framover.

Programmet for i år er konsertar på kveldstid og barne og familiearrangement 24.juni.