Redsle for at vatnet kan frysa i dei kalde periodar, er grunnen til at Friluftsrådet Vest ventar på «vår i veret» før dørene vert opna til toalettanlegg i Ådlandsvikjo. Såleis skulle det vera klart til bruk no.
I tråd med vedtak i Stord kommunestyre sitt budsjettvedtak i novembert i fjor, har Friluftsrådet Vest motteke i 459. 420 kroner til driftskontoen i år.
Tilskotet er «oppgjer» for jobben Friluftsrådet utfører med vedlikehald av friområde og offentlege badeplassar i Stord kommune. Ådlandsvikjo. Sponavikjo, Sætrevik, Nautøy, Hystadmarkjo og Breivikjo..