Mange  skal gje uttale om fartsdumpar

Ny reguleringsplan på gang for Saghaugvegen. (Foto: Steinar Hystad)

Lurer du på korleis  kommunen behandlar søknader/ønskje om fartsdumpar? Svaret er å finna eit  utgåande brev frå driftsleiar  Anne Randi Naurstad,  på spørsmål om etablering av fartsreduserande dumpar i Haugen-feltet.

Ho skriv:

«Tekniske tenester viser til dykkar førespurnad om fartshumpar. Du har pr. telefon informert om at bilistane held for høg fart i høve til fartsgrensa i feltet og de ynsker fartshumpar som fartsreduserande tiltak.

Søknader om fysiske trafikktryggleikstiltak vert handsama av kommunen og vert vurdert mot kriteria sett av Statens vegvesen. Plassering av fartsdempande tiltak krev vidare medverknad. Desse sakane må sendast på høyring til m.a. politi, buss selskap, ambulanse, brannvesen, velforeiningar og naboar mv.

Det er mange ynskje om fartsreduserande tiltak, og det vil ta tid før alle ynskja er nærare vurdert. Ynskje er no lagt i kommunen si arbeidsliste. Vidare handsaming og prioritering vert utført så snart vi har kapasitet»