Frå oppsitjarar i bustadfelta Flathaugane og Hatlandsåsen har vegmyndet i kommunen motteke godt grunngjevne søknader om fartsdumpar.
I begge bustadområda er det leikande born, og i begge e-postane blir det vist til urovekkande høg fart på ein del bilar som køyrer gjennom felta. Såleis er det aukande fare for ulukker om det ikkje kjem på plass fartsreduserande humpar i vegbanen.