Attende der han vart sjøsett i -76

«Huglasjarken» – bygt i hallen i bakkant og sjøsett i august -76. (Foto: Steinar Hystad)

– Alder til trass, huglasjarken er framleis ein stødig og romsleg fritidsbåt. Han var ferdig frå verftet  her  i august 1976 og då levert til  ein kar i Fitjar. Eg kjøpte  båten frå eigar i Haugesund for ein del år sidan, fortel  Jonny Røyrvik Brix frå Husnes.

Stordront.no trefte på mann og båt ved gjestekaien ved Huglabutikken. Ei grei stad for dielselfylling.

«Nordhuglo 27», står det å lesa på  sida av styrehuset. Det fortel at båten vart bygt på Nordhuglo Båtbyggeri, som dreiv godt og aktivt med eigen bedding og hall i stranda nokre titals meter innfor gjestebrygga. Starta med trebåtar, men gjekk over til plast i 1970 og heldt det gåande til 1982.

«Fishing Joy» var namnet på sjarken i plast, ein versjon mynta på fiske, ein versjon med store kahytt  vart omtalt som «hytte» på sjøen.  Fiskesjark vart mellom anna eksportert frå Nordhuglo til Grønland.

Informasjon er henta frå boka  Ernst Arne Sælevik skreiv om «Nordhuglo Båtbyggeri og båtane dei bygde» med utkome  2013 .