– Ta posane med…

Ved skogs- og turvegen i Gullberg låg desse skitposane i buskaset. (Foto: Tipsar)

I e-post vedlagt foto, ber ei aktiv turdame Stordront.no senda vidare denne klare oppmodinga:

«Eg er  sjølv hundeeigar og blir noko fortvila. Nær sagt kor me går ligg skiteposar slengde. Til og med inne i hagane til folk! Det hjelper heller ikkje å legga att posen «for å hente den på returen», når dette ikkje blir gjort. 

Ta med posen heim att, eller til næraste boskorg. Eller spark skiten inn i skogen. Betre det, enn å forsøpla med desse plastposane.»