Mykje betre på Litlabøvegen

På Nedre Litlabø var det stygt sideseg, som no er retta opp og asfaltert. (Foto: Steinar Hystad)

På delen av Litlabøvegen, frå Nedre Litlabø til Vaskeriplanet, fekk det utvikla seg  ein del stygge «sidesig» og brot i  asfaltdekket.  Somme stader såpass alvorleg at det kjendest godt når ein passerte med  doningar på fire hjul. Bilen la seg sidelengs over, om lag som ein seglebåt i frisk vind. 

Med denne bakgrunn, er det med smil stordront.no noterer i plussmargen at  skeivsigen Litlabøveg er retta opp og forsynt med ny asfalt.

Dette gjeld mange  punkt undervegs. Fylkeskommunen er vegeigar, og også den som skal ha en verbalbukett dagens ros.