Kjem også nyskapande aktivitetsanlegg

Hovudbygget byrjar bli klart for riving. (Foto: Steinar Hystad)

Rivearbeidet av (gamle) yrkesskulen  går sin kvikke gange på Vabakkjen.  Hallar er vekke og i hovudbygget er glasrutene fjerna og all el-installasjon henta ut. Snart fell sjølve huset, og vonleg  blir treklynga som kastar skugge på overgangsfeltet like nedfor også fjerna?

På tomta kjem det ikkje berre ny og moderne vidaregåande skule går det fram av protokollen etter møtet i Ungdomsrådet sist veke: Der står det:

«Ungdomsrådet har fått spørsmål om dei ønskjer å delta på workshop om nyskapande aktivitetsanlegg på Vabakkjen, der den nye vidaregåande skulen blir bygd. Det er ønskje om at fire medlemmer frå ungdomsrådet stiller, to frå vidaregåande og to frå ungdomsskulen.» 

Invitasjonen takka ungdomane ja  til.