Tre ferjer – eitt stø

Tre ferjer tett i tett ved ferjestø på Hauglandskaien for 43 år sidan… (Foto: Tor Resser)

I Leirvik  si stordomstid som ferjehamn kunne det til tider bli «kamp» om  å koma til i støet ved Hauglandsbuo  på Sunnhordlandskaien.  Biletet er festa til film i 1980, ei tid med ruter frå regionshovudstaden til  Halsnøy/Sunde,  Utbjoa og Valevåg.  Fjelbergruta er med litt mindre sikre på.

«Jondal», «Fusa» og «Stord», alle med HSD-merket i skorsteinen, var flittige gjester i hamna, men ikkje så ofte samstundes.  Motivet  fortel også at dette var ei tid  stordsamfunnet framleis tok imot det meste av varer via båt-transport.  Kaiområdet utfor Tor Haugland Dampskipsekspedisjon  er  fullsett av  diverse gods. Altså mykje å sjå på for dei som la turen nedom kaiane.