–  Lang kvelds ferd  mot Sandvikvåg

God tid til å nyta solnedgangen over søre Øygarden. (Foto Steinar Hystad)

Der ein vismann sa noko om «lang dags ferd mot natt», blir dette kjappsoga om lang kvelds ferd mot Sandvikvåg. Med godt humør alle timane, og svela, kaffi og pannekaka frå reiarlaget.

Presis avgang frå Halhjem 19.20. Rett utfor innløpet til ferjestaden vart det stopp i framdrifta, med melding over salong og dekk om teknisk feil i maskineriet.

Finare kveld for eit stopp midt på Bjørnefjorden kunne ikkje tenkjast: – Vindstille, blank sjøflate som spegla seg i den vakraste solnedgang over søre Øygarden. Passasjerane tok det heile med ro, nytte utsikt og etter kvart også litt å eta og drikka, servert av «ho i kiosken» som vandra smilande rundt i salongen med smørkremsvela på brettet. 

Klokka halv ni ny melding om at det vart jobba for å finna ut av problemet. 

Praten mellom godtfolk  «i same båt» gjekk i optimistisk tone. Ein kunne så lite gjera, anna enn å vona på landkjenning rimeleg snøgt.  Det gjorde mannskapet også, som hadde tru på å koma attende i støet sør i Os slik at me kunne rekka 22.20-ferja til Fitjar. Det var ikkje teknikken med  på.

Når det nærma seg ti på midnatt, etter i herdig innsats i maskinrommet og på brua, og fire og ein halv time på fjorden, fungerte maskineri såpass at det var trygt i leggja til kai igjen i Halhjem. Slik nådde trailerar og personbilar 00.00 avgangen sørover.  

Reiarlaget serverte svela og kaffi. (Foto: Steinar Hystad)