– Me prøver å redusera straumrekninga. Med slike plakatar på vindauga til eit par kjøleskap for drikke og bær/frukt, opplyste Huglabutikken at dei gjorde det dei kunne for å redusera utgifter, då straumprisen auka faretrugande ved eit par høve i fjor. Då rekneskapen for nærbutikken vart gjort opp, viste konto for straum ein auke frå 69.000 i 2021 til 181.000 i 2022. Det vart søkt om, og innvilga noko støtte, men straumrekningane gjorde likevel gode innhogg i «kassen».
Likevel klarte den folkeeigde Nærbutikken å avslutta rekneskapen for fjoråret med eit overskot på vel 100.000 kroner. Omsetnaden nådde 5,8 millionar kroner og viste auke på 13% frå året før.
I fjor sommar kunne ein nybygd pergola takast i bruk i inngangspartiet til butikken, ei investering støtta av Merkus-programmet.
Huglabutikken inviterer til generalsforsamling/årsmøte i byrjinga av mai.
Biletet