Fitjar tek godt vare på steingardane

Fitjar kommune har kulturplan som også vernar gamle steinmurar. Denne står på oppsida av fylkesvegen ved krysset mot Tveit og Osternes. (Foto: Steinar Hystad)

I kulturplanen for Fitjar går det fram at  dei gamle steingardane i kommunen skal søkjast bevart  mest mogleg autentisk tilstand.  Med denne bakgrunn har både landbrukskontoret og kulturetaten vore saksbehandlarar av søknad om justering av ein eldre steingard på Fonno. 

Spørsmålet gjeld utviding av ein opning i steingarden frå noverande 1,8 meter,  til 2,8 meter, slik at ein betre kan koma fram med jordbruksmaskinar og såleis betre ivareta gardsdrifta. Dette seier kommunale etatar ja til.

Det blir sett som vilkår at  steinar som vert tekne ned, blir brukte til å  vøla steingarden der det trengst.