Kan det vera same flokken?

Kvitt i det grøne – måkane er der så snak det møka. (Foto: Steinar Hystad)

At Fitjar er ein viktig jordbruskommune kan ein i desse dagar lukta seg fram til. – No angar det av vår, vart det sagt når møka vart spreidd.

Det er det andre enn velstelt jordsmon som set pris på.  Nett oppom  Fitjar-sjø’dn  var det i middagstida onsdag «eit hav» av måkar som sjekka  om det var næringsstoff å nebba til seg etter gjødslinga. Sidan same måkeobservasjon var gjort etter same prosess på bøane på Huglo, kan ein byrja lura på om det er same flokken som  er på vengene.  Kan det vera slik at dei har ein utsending  som reiser rundt i førkant, og sender varsel til gjengen om at i dag er det møking på gang i Fitjar? 

Eit mektig og interessant skue er det i alle fall.