Branntilløp i gapahuk

Sagvåg Bygdalag har sett opp gapahuken på Vaskeriplanet, her driv lagsleiar Stein Braathen ettersløkking. (Foto: Privat)

– Kvar kjem den røyken frå, undra ein mann i bil over Vaskeriplanet på Litlabø tysdag ettermiddag.   Frå førarsetet merka han seg at det kom røyk ut frå den nye gapahuken ved Hesteskobanen. Til all lukke svinga han bortom for å sjekka, og såg rett mot open flamme i deler av ein benk inne i bygget.  Ved hjelp av eit riveskafta og ei nedfallsgrein frå ei furu ved gapahuken, fekk han sløkt  elden og slik hindra større skade på treverket. 

Leiaren i Sagvåg Bygdalag, Stein  Braathen, vart oppringt og kom straks til staden med bøter og ettersløkte med vatn frå Hustrudalsvatnet.

På brannstaden var det klare spor etter eit  kubbalys, og teorien er at  her har nokon kveikt talgalys og gått frå det utan å sløkkja.