Etter køyreturar langs fylkeskommunale vegar siste tida, har me sett så mange fint skrone greiner og småstammer som strekte seg farleg nær vegbanane, at me beint har lyst å skryta.
Me vil seia takk for velskore og sender samstundes ros til mannskapet som styrer den velvaksne motorsaga som blir brukt i dette arbeidet. Mykje kjekkare å sjå til skogen i vegkantane når det er gjort rette greinkutt, utan fliser som står att og streittar til alle kantar.