I tillegg til Løkjabrotet har stordrondt.no søkt seg fram til fem andre lokale stadnamna med løk/løkjen som eine stavinga. Men før me tek runden i geografien vår, bør det forklarast kva ein ein løk er, og her snakkar me ikkje om grønsaka som får tråene til å trilla når han blir skoren i bitar.
I boka «Namnevandring i Stord og Fitjar» skriv Kari Lønning Aarø og Jan Rabben: «Vegen frå Skjersholmane har delt Byrkjeland i to, og heile Løkjen ligg no på nedsida av denne. Ein løk er eit våtlendt stykkje, som er blitt oppdemt.»
Den som svingar seg bortom kommunen sitt vassforsyningsanlegg i krysset mellom Skjersholmanevegen/Vågavegen/veg mot Digernesterminalen kan på det store vinduet i bygget der lesa BYRKJELANDSLØKJEN VASSMÅLESTASJON.
Andre løkar er : Slåtteløkjen (på Fjellgardsvegen nett før avkøyringa til Vad). Kroktjødneløkjen (på fv 545 nedre Valvatna) Gaussløkjen ( i skogen mellom Stuva og Øvre Økland og Dalsløkjen (i skogen ovom Dale, Litlabø).
Særmerkje for løkane som har veg og trafikk over seg, er at dei ligg lågt i tidvis særs vått lende.