Stord kommune mottok fram til siste leveringsfrist ei rekkje innspel til rulleringa av arealdelen i kommuneplanen. Det gjeld private ønskje og det gjeld tips om meir ålmenne tiltak. Eit innspel i sistnemnde kategori kjem frå Stord-Fitjar Turlag og gjeld vegskuldera langs E39 på strekket frå Trongaste/Ådlandsvatnet til Førlandskrysset. – Der bør det etablerast sykkelveg på vestsida, meiner turlaget.
Vidare blir det vist til at E39 har avskore fleire turvegar frå Nodbygdo mot skogsområde, Vad og Fjellgardane. Dette minuset kan bøtast på med å laga til undergang ved Tyse.
Alle som har følgt oppmodinga frå kommunen om å nytta høvet til å prøva påverka planarbeidet, har fått svar om at meldingane er mottekne og ønskja noterte. Så blir det å venta i spenning til kva innspel som blir tekne med vidare. Det blir å sjå i ferdig forslag til framtidig arealbruk i Stord, som vil vera klar om eitt års tid.