S(t)olnedgang frå Moloen

Ein i betong – ein i plast. (Foto: Steinar Hystad)

Stundom blir det så freistande å prøva seg på nye ord, at ein berre må trykkja ny bokstavblanding på tastaturet.  Som når ein i tida for solnedgangen over Leirvik ruslar  i ytre del av Onarheimsparken på Moloen og ser to vidt forskjellege stolar stå tett i tett.  Ein kraftig i betong – den andre noko meir tander i samanlikning – i plast.  Slikt møte blei det brått stolnedgang av, må vita. 

Elles er Molotuppen ein framifrå  stad å nyta utsynet over byen, kyrkja og fjella våre.