Samlingslokale for godtemplarlosjen skal ha vore første oppgåva for huset på Døso, som for den eldre garde stordabuar var best kjent under namnet «Losjehuset». Fredheim er eit anna brukarnamn for bygget. Der var bedehus i byggeperioden for nye Leirvik bedehus inst i Borggata, og etterpå eigde Den Frie Evangelisk forsamling Ebenezer lokala i mange år. Losjen har for lengst avslutta sitt virke, men huset gjer framleis si samfunnsnyttige oppgåve – no som Kyrkjestova Fredheim tilknytt Stord kyrkje.
– Då Ebenezer valte å selja, var me ein flokk som meinte på at dette var eit lokale Stord kyrkjelyd kunne gjera seg nytte av. Med gunstig lån frå kyrkjeleg fellesråd og vart finansieringa ordna og etter kvart har me fått drift som syt for turvande inntekter til nedbetaling. Det vere seg minnestunder, korøving, konfirmasjon, dåp eller åremålsdagar og diverse samlingar – som ettermiddagstreff ei søndag i månaden eller quiss og pizza laurdagskveldar. Mange yt også direkte pengestøtte gjennom ei givarteneste som er oppretta, fortel Dag Sele, styreleiar for Kyrkjestova Fredheim.
Han understrekar at tiltaket med stova er mellombels, medan fellesrådet ventar på å få realistert planar om eige kyrkjelydshus for Stord kyrkje.