Opna for rullande trafikk

Opna til Påske: – no kan ein igjen køyra til Heio. (Foto: Steinar Hystad)

Ikkje før hadde stordront.no fått oppmoding om å undersøkja kva tid Kattnakkevegen blir opna for vanleg tullande trafikk, så kjem gladmeldinga for påsken opp på heimesida til kommunen. Tysdag melde Tekniske tenester at  vinter-skiltet som set forbod mot køyring til  Øvra Heio er fjerna og at vegen no er opne for  trafikk igjen.  

Betre høve til passering for motkomande bilar og  større parkeringsplass der oppe, må me enno venta på – jamfør artikkel  her på nettavisa  etter kommunestyremøtet torsdag der Kattnakkevegen var emne for spørsmål og svar.