Litt seinare denne månaden skal det etter planen opnast «ny» gangveg frå Bandadalen ned mot Fv 544, nokolunde i traseen der det for tida blir langt høgspentkablar i grøfter frå Vabakkjen trafostasjon. Det er lova at det av omsyn til trafikktryggleiken skal koma saksebom nedst i gangvegen, slik at ein må stoppa på og ikkje farta ut i hovudvegen.
Fortau i Bandadalen heng saman med fortau i Studalen og turvegen vidare mot Litlabøkrysset og inn i Landåsen. Det fører ein bratt bakke ned mot sjølve krysset og E39, på ein lite oversiktleg stad, og stordront.no er kjent med at det er mange som kunne tenkt ein seg ein tryggleiks-saksebom også der. Kan det vera mogleg å få på plass ein liknande installasjon i Løningsdalen, som dei no får i enden av gangvegen på Vabakkjen?