Fiksar turvegen gjennom Hystadmarkjo

Turvegen i gjennom Hystadmarkjo blir tørrare, med ny grus og nye grøfter. (Foto: Steinar Hystad)

Reinsking av grøfter, fiksing av tverrveiter med nye avløpsrøyr og lengre strekningar med nytt gruslag.  Slik ordnar mannskap frå Friluftsrådet Vest  den mykje brukte turvegen gjennom naturreservatet i Hystadmakjo.  Om kvitveisen  breier sitt kvite teppe over skogbotnen til påske, er meir usikkert .  Ventar nok på meir varme  «i vèret»  den også!

Skogen i Hystamarkjo kan sjå gamal ut, men faktum er at han vaks til i åra mellom 1930-1960, då det vart slutt på å bruka  området som beiteland.