Representanten Inga Lothe (H) har meldt ein spennande interpellasjon til neste møte i Stord kommunestyre. Lothe innleiar med å skriva at ho er gjort kjend med at dei nye helikoptera til Redningstenesta ikkje kan landa på heli-landingsplassen ved lokalsjukehuset vårt. Vidare blir det opplyst at næraste område denne type helikopter kan landa på ligg i tilknyting til planlagd prosesjonsveg (frå kyrkja opp mot gravplassar). Ny landingsplass vil krevja opparbeiding.
– Alternativet er flyplassen (i Sørstokken), men dette er utfordrande i høve til tilgang til medisinsk personell under transport til sjukehuset, skriv Inga Lothe, og spør:
1. Kva er status for plenen for prosesjonsveg?
2. Er kommunen kjend med landingstilhøve for Redningstenesta sine helikopter og må tilretteleggja for ny landingsplass?
3. Er eventuell ny landingsplattform teken omsyn til i pågåande planar for nye prosesjonsveg?