Må sjå annleis på arbeidsmarknaden 

I mars var har NAV i region Sunnhordland registrert éin prosent heilt ledige av arbeidsstyrken og ein nedgang på 8 heilt ledige personar i høve februar månad.  

– Me har ei stabilt låg arbeidsløyse i regionen. Av dei arbeidsledige som registrerer seg finn storparten jobb på eigenhand. Samstundes reknar me at om lag ein tredjedel inngår i gruppa langtidsledige, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.  

I mars månad vart det registrert 413 ledige stillingar i regionen. Flest stillingar var det innan Helse- og omsorgsyrka (174), Industriarbeid (51) og Undervisning (39). 

– Etterspurnaden frå arbeidsgjevarane i regionen held seg høg. Helse- og omsorgssektoren har lenge stått for ein stor del av etterspurnaden. Det er visst at det er usikre tider me står i, med utviklinga i ma. global økonomi. Me ser likevel ikkje føre oss at arbeidsløysa umiddelbart vil stige mykje. Med den låge arbeidsløysa og den høge etterspurnaden meiner eg me må sjå annleis på arbeidsmarknaden, seier Håvard Lægreid.  

Inviterer arbeidsgjevarane til å sjå arbeidsmarknadsperspektiv i eit utvida  

 9. mai inviterer NAV til eit arrangement med fokus på eit utvida perspektiv på arbeidsmarknaden. Målgruppa er leiarar med personalansvar, tillitsvalde og verneombod. Invitert er også alle NAV sine samarbeidspartnarar, eller andre som driv relevant tenesteyting. 

– Me skal presentere resultata frå bedriftsundersøkinga vår – den største i sitt slag, og samstundes sjå på arbeidsmarknaden i eit utvida perspektiv. Det er viktig å snakke om korleis me kan redusere utanforskapen frå arbeidslivet. I tillegg kan me hjelpe verksemder med å halde på arbeidskrafta ein allereie har. Me har framleis plass til fleire påmeldte til arrangementet, seier Lægreid