Fitjar inn i Stordøy Jeger- og Fiskerforening

Hjort har heile Stordøy som streif- og beiteland – og eit felles landbrukskontor for Stord og Fitjar har forvaltaransvaret. Desse åt frukost ikkje så langt frå kommunegrensa på Mehammar. (Foto: Steinar Hystad)

Etter historisk vedtak på årsmøtet  og tillegg av to bokstavar – er det nye namnet på tidlegare Stord Jeger- og Fiskerforening blitt Stordøy Jeger- og fiskerforening.  Grunngjevinga for endringa er fleirdelt, går det fram av melding til kommunane på øya vår:

– Jakt og Fiskarlaget i Fitjar vart oppløyst av NJFF Hordaland, då det ikkje hadde vore aktivitet i laget på fleire år. Medlemene vart overførte til  Stord JF og per dato er det 21 medlemer med adresse Fitjar.

– Kommunane Stord og Fitjar har same naturforvaltingsgrunnlag. Viltet har begge kommunane som leveområde og  begge kommunane tilhøyrer same vassområde. Stord og Fitjar same landbrukskontor.

Om bakgrunnen for namnevalet, skriv leiaren Karina Mæhle:

– Stord JF vart grunnlaget i tilknyting til Stordøen Kisgruber (1949), og me synes namnet er godt med tanke på historia, men og referansen til Stordøy som dekkjer begge kommunar.

Norges Jeger- og Fiskerforbund har godkjent namneendringa på Stord.