Fitjar kommunestyre har opna for at folk med hytte i kommunen kan gjera om frå fritidsbustad til fast adresse – på hytta. Populært omtalt som «Bu i hytta». Og kanskje kan det same skje i Stord. Rådmannen har fått politisk oppdrag om å førebu sak, etter at Stord kommunestyre gjorde følgjande vedtak:
«Bu i hytta: Kommunestyret viser til vedtak gjort i Fitjar kommune der ein opnar for at ein kan bu i hytta dersom ein melder flytting til kommunen. Kommunestyret meiner dette kan vera aktuelt også for Stord , til dømes på Huglo. Ein ber om sak til Utval for plan og utvikling i løpet av første halvår 2023 for å ta stilling til om Stord kommune til liks med Fitjar skal leggja til rette for dette.»
Frå Rådhuset på Leirvik er det alt sendt e-postar til kollegane i Fitjar Rådhus, med spørsmål etter dokument og eventuelt regelverk i saka.
Eit ja-svar frå politikarane i Stord vil vera heilt i tråd med ønskje frå Huglo bygdalag, som i innspel til arealdelen i revidert kommuneplan, har lagt inn oppmoding om å gjera det mogleg å få fast adresse på hytter. Eit positiv trekk i arbeidet for å få nye innflyttarar.