Etterlyser skilting mot Hystadmarkjo

Skiltet i Sævarhagskrysset viser til Tyneset – men vegen leiar truleg meir godtfolk til Hystadmarkjo. (Foto: Steinar Hystad)

Like før den krappe svingen på Hystadvegen,  fortel eit skilt at avkøyrsla til Hystadmarkjo til ventar 500 meter lenger frame. I krysset  Hystadvegen/Storhaugvegen  står skiltet så som peikar mot parkering og Hystadmarkjo.  Køyrer me eit  lite stykke til,  fortel eit nytt blått skilt at det er 600 meter til avkøyringa til Tyneset  (og kulturminnet kolerakyrkjegarden).  I krysset i Sævarhagen peikar så eit skilt mot  Tyneset.  Hystadmarkjo er ikkje nemt, sjølv om Sævarhagsvikjo er ein  veldig ofte nytta innfallsport til den sjønære og særmerkte turløypa gjennom verna natur.

– Burde det ikkje vore merka med skilt til Hystadmarkjo ved krysset i Sævarhagen også, spørs ein innbyggjar som har teke saka opp med  kommuneadministrasjonen.

Skulle stordront.no bli spurt til råds  i saka, er svaret eit klart JA.