11 listeforslag klare dagen før fristen

11 politiske parti har levert inn forslag til vallister dagen før fristen går ut. (ill. foto: Steinar Hystad)

I morgon, fredag 31. mars klokka 12.00, er siste leveringsfrist for politiske parti som vil stilla liste ved kommunevalet i Stord i år. I kunngjering frå kommunen vert det understreka at dei som kjem etter fristen, vert avviste. Dei siste dagane er det difor levert inn ei rekkje listeforslag for godkjenning..

SV var tidleg ute, etterfulgt av Høgre, Ap og FrP. No er også listene til Venstre, KrF, Raudt, Senterpartiet, MDG og Norgesdemokratene på plass. Det er også lista til Industri- og næringspartiet. Sistnemde vart levert 30. mars kl 09:03. Fullstendig oversyn er å finna på dei kommunale heimesidene.

11. mai skal Valstyret godkjenne listene som dagen etter vert lagt ut til offentleg gjennomsyn.

Valet skal haldast måndag 11. september, medan det vert høve til føreåtrøysting i rådhuset  frå  10. august  til 8. september.

Ved valet 2019 vart fordelinga av «sete» slik:  Ap 11, Frp 5, Raudt 1, Høgre 7, Sp 5, SV 2, KrF 2, Venstre 1 og MDG 1.