Mellomlanding i Sævarhagen

Frå bøen i Sævarhagen onsdag klokka 1400. (Foto: Steinar Hystad)

Dei var spreidde over heile bøen og i stadig rørsle, og av den grunn vanskeleg å telja  heilt nøyaktig. Men at flokken  svoltne grågjess var i stoleik eit lite femtidal, trur me nok. Ganske så sikkert  på  veg mot hekkeplassar lenger nord i landet, etter  mellomlanding i Sævarhagen for inntak av næringsdrivstoff for den vidare «flight». Og då sjølvsagt i  den karakteristiske V-formasjonen med skvaldring i rekkene.