Frå skule til bygdahus

Heretter er namnet Huglo Bygdahus. (Foto: Steinar Hystad)

Årsmøtet i Hulgo Bygdalag samla seg kring Wenche Taranger sitt forslag, Huglo Bygdahus, då nytt namn på gamleskulen vart vedteke.  Etter at den kommunale skuledrifta vart  avslutta for ein del år sidan, og elevane får skyss til Rommetveit, overtok bygdalaget drift og vedlikehald av skulebygget. Fekk anlegget for ein rimeleg penge, men det kostar å halda vedlike, gjekk det fram av årsmelding og rekneskap.  

På årsmøtet vart det valt komite som skal leggja til rette for ein eigen aktivitetsdag, der all innkome blir øyremerkt  drift av Huglo Bygdahus.

I den nyvalte styret for Huglo Bygdalag er Sigurd Huglen leiar og har med seg: Torunn Nødland, Erling Grov, Stian Helland og Marlene Sørli.

PS: Dei mange som likar å høyra trubadur og «voice»-deltakar Endre Olsen, bør kryssa av for 2. juli 2023. Då blir det Hugladag  og konsert med Olsen på  ferjekaien.