Vil ha kommunalt forbod mot «landnær»  fangst av leppefisk

Strandlina langs Huglo er mellom dei velbrukte fangstområde etter leppefisk. (Foto: Steinar Hystad)

Magne Bjelland (H) meiner tida er inne til at Stord kommunestyre vedtek forbod mot fangst av leppefisk innanfor eit belte på 300 meter frå land, skjer og holmar.  Han har nyleg sendt forslag om dette, som innspel til kommuneplanen sin arealdel. Forbodet skal gjelda for fangst av leppefisk med teiner eller ruser som reiskap.

– Sjølv om fangst av leppefiske ikkje er ei ulovleg næring i landet, står den enkelte kommune fritt til å gi restriksjonar eller forbod. Det har mange kommunar alt gjort, skriv  lokalpolitikaren.  

– Det finst mange grunnar til å forby fangst av leppefisk. For dette sannsynleg ikkje eit berekraftig næring. Det er fare for at fangsten på sikt bryt ei viktig næringskjede i havet, som igjen kan føra til kollaps for andre fisketypar, som t.d. torsken. Etter fangst møter leppefiskane ein pinefull og sikker død i laksemerdar dei blir sleppte ut i for å reinska lus. Det er rekna at 50 millionar leppefisk døyr i merdane kvart år grunna dårlege leveforhold, opplyser Bjelland vidare.

Han er redd for at nærområda våre blir tømde for leppefisk og kjem med konkret forslag om å ta inn følgjande forbod  i Kommuneplanen:

«Alt fiske etter leppefisk med teiner eller ruser som fangstreiskap innafor eit le-belte på 300 meter frå land, skjer eller holmar er forbode i Stord kommune. Forbodet gjeld frå 1. januar til 31. desember.»