Ønskjer meir tilpassa opningtider på trafikkstasjonen

Trafikkstasjonen held til i «Statens hus» på Vabakkjen. (Foto: Steinar Hystad)

Etter drøftingar i styremøtet for Samarbeidsrådet 17.mars, vil det bli sendt førespurnad til  Statens Vegvesen/Stord trafikkstasjon, der spørsmålet er kvifor opningstidene ved stasjonen  er blitt så lite høvande for publikum. Eit innspel frå Fitjar kommune, ved varaordførar Sigurd Andre Maraas, om generell tilgjenge til stasjonen ligg til grunn.

–  Per i dag er Trafikkstasjonen på Stord sine opningstider tysdag og torsdag kl. 09.00 – 15.00. Det er kome attendemeldingar på at enkelte har vanskar med å nå desse opningstidene  grunna få dagar og ingen mogleik for å nå trafikkstasjonen ettermiddagar, oppløyste Maraas. Han peika vidare på at Stord er regionsenteret i Sunnhordland og innbyggjarar frå fleire av kommunane i regionen nyttar Stord trafikkstasjon. Det er viktig at stasjonen har opningstider som er tilpassa innbyggjarane sitt behov.