Er det fullt mogleg å laga spenstige hanefigurar av vedkubbar cirka 30 centi lange? Svaret er ja, så absolutt. Skulle du lura på korleis det går ann, rår me til å leggja turen til starten av Eventyrskogen – nokre timetrar innom gapahuken i Skjephaugen. Der har nyklekka hanar teke over etter dei mange nissane som pynta opp på stubbane i høgstfeltet der til jul.
Kunstnaren bak Trollskogen og Eventyrskogen, Åshild Bjelland Kalleklev fortel til stordront.no at ho i påskepyntprosjektet har hatt god hjelp av Vigdis Vatne og mannen hennar Norvald Nesse. – Han har skore til stubbane med motorsag og Vigdis har vore med i pyntinga av dei stolte hanane. No håpar me at figurane kan setja besøkande i den gode påskestemning, seier Bjelland Kalleklev.