Hjelp, eg har flytta (?) til Stord!

Saknar du oversikt over kva ein kan gjera på Stord? Og ønsker du ein arena for å bli kjend med andre nye stordabuar? Då håpar me du tek turen til «Hjelp (?), eg har flytta til Stord!» på nye Nysæter bibiliotekfilial denne våren.

Desse fire treffa skal vera eit lågterskeltilbod for tilflyttarar. Det blir litt innhald ut frå tema kvar gong, men det skal først og fremst vera eit høve for å møta nye folk.

Målgruppe: Vaksne tilflytta stordabuar. Me vel å bruka kvar enkelt sin definisjon av «ny» – kjenner du at du er ny, så er du det 😊

Kvar: Nysæter filial (på Nysæter ungdomsskule)

Når: Ein tysdag i månaden, kl. 18.00-19.00

Kva: Ei innleiing ut frå tema, og deretter sosialisering. Målet er at me saman skal bli kjende med kvarandre og med plassen me har flytta til. Det blir kaffi og enkel servering.

Tema for treffa:

  • 21. mars: Kven er dei tilflytta? Me får med oss nokon erfarne tilflyttarar som deler erfaringa si, og me blir kjende med kvarandre.
  • 18. april: Kva skjer? Kultur og frivilligheit på Stord.
  • 23. mai: Spør ein stordabu! Politikk, humor, folkelynne.
  • 13. juni: Sommaravslutning. Korgfest og forhåpentleg sol!

Hjelp(?), eg har flytta til Stord! | Facebook