23.og 24. mars inviterer ca 60 musikantar i alderen 6-70+ år til eit heilstøypt «Elton John -Show» i Fitjar Kultur-og idrettsbygg. Her er det duka for både latter, tårer, voggande afrikanske rytmar, swing, rock og storslagen filmmusikk! Me har fråtsa i det store låtmaterialet til Elton John og sett saman ein flott konsert for deg!
Fitjar Skulekorps og Fitjar Musikklag har stor tru på at å arrangere konsert i lag, gjev positive opplevingar for musikantar og publikum. I år er det fjerde gongen me satsar på eit slikt storprosjekt. Me har valgt musikk av Elton John fordi det er musikk som appellerer til alle aldersgrupper. Korps, band, koristar og solistar dannar ramma i velkjende låtar som «Rocket Man», «I`m still standing», «Your song», «Candle in the wind» og «Circle of life» mm.
For å laga eit slikt storslagent show, har me med oss gode samarbeidspartnarar, som skal vera med å skapa den rette stemninga. I rolla som «Elton John» møter me Bent-Jarle Brenne. På song har me Ole Rørvik, Karine Tveit Lillenes og Randi Brekke. I vår stødige kompgruppe har me Dagfinn Brekke (gitar) og Trond Salmo (bass).
Ta turen folkens! Kulturlivet i Fitjar blømer litt ekstra når akkurat du kjem og kaster glans over det som skjer.
Billetter får du kjøpt på: ebillett.no/fitjar. Allereie godt 300 førehandsselde billettar.