FrP og AP klare med vallister

Onsdag 22. mars leverte både FrP og Ap inn sine lister med kandidatar for komande kommuneval til godkjenning hjå valstyret. I god tid før fristen som er neste fredag klokka 12.00. I kunngjering frå kommunen vert det understreka at dei som kjem etter fristen, vert avviste.

Valet skal haldast måndag 11. september, medan det vert høve til føreåtrøysting i rådhuset  frå  10. august  til 8. september.

Dei to partia har høvesvis 7 og 11 av dei 35 plassane i Stord kommunestyre inneverande periode.

Ved valet 2019 vart fordelinga av «sete» elles, slik:  SV 2, Raudt 1, Høgre 7, Sp 5, KrF 2, Venstre 1 og MDG 1.