Teatermaraton i Stord kulturhus

Deltakarar frå Haugesundscenen under den førre Teaterfestivalen i 2019. (Foto: Kari Mendelejev Svanberg)

140 barn og ungdom frå Askøy i nord til Haugesund i sør kjem til å opptre på den store teaterscena i kulturhuset. Her blir det kjente og kjære teaterstykke som Prinsessen på erten og Skatten på Sjørøverøya, i tillegg til heilt nyskrivne stykke som De gøyale gamlingene og Loftsrydding. Stord teaterlag byrjar det heile med framsyninga Robin Hood på fredag kveld.

På laurdagen vil det vera festivalstemning frå tidleg morgon til langt utpå kvelden. Stord teaterlag stiller med ein solid gjeng med gode frivillige, fortel festivalkoordinator Trond Onarheim frå Eining for kultur. -Det er herleg å sjå slikt fornya engasjement etter at festivalen har blitt avlyst tre gongar på rad på grunn av koronapandemien. Her stiller det opp foreldre i alle slags roller som gjer det mogleg for oss å ta imot så mange unge skodespelarar. Det er berre å ta av seg teaterhatten og gje dei ein skikkeleg honnør, avsluttar Onarheim.

Teaterfestivalen har vore arrangert på Stord heilt tilbake til 1985, og er såleis berre sju år yngre enn kulturhuset sjølv. Stord teaterlag har vore med sidan starten av. Til festivalhelga kjem det teatergrupper frå Askøy, Bergen, Åsane, Loddefjord og Haugesund.