I kryss på toppen av Skrivarvegen går det veg inn til Frelsesarmeen, Vidsteenstunet og Tingrettsbygget. Vidare fører vegen til Sunnhordlandstunet og Parken, og det offisielle namnet er, ikkje uventa, Vidsteensvegen. Undrande turruslar i området lurer på om status er endra for øvre halvdel av vegstubben, frå rein gangveg til køyrande gjennomfartsveg?.
– Eg spør av den gode grunn at stålinstallasjonen som tidlegare sperra for køyrande trafikk, gul på farge, no ligg i grøfta delvis kamuflert av ein vekstvillig eføy, seier tipsaren.